Voss Sparebank

Voss Sparebank Voss Sparebank er - ein ekta lokalbank.

Fredag 28. august kjem skodespelarparet Morten Svartveit og Kjærsti Odden Skjeldal med musikar Sjur Miljeteig til Hedleb...
17/08/2026

Fredag 28. august kjem skodespelarparet Morten Svartveit og Kjærsti Odden Skjeldal med musikar Sjur Miljeteig til Hedleberget for å syna fram "Sigd".
Me har nokre billettar me vil gje vekk til heldige kundar. Skriv kven du har lyst til å ta med deg på lesespel i Hedleberget i kommentarfeltet.

Du må vera kunde i Voss Sparebank for å delta. Om du får billett, tek me direkte kontakt med deg på telefonnummeret du er registrert med i banken. Trekning måndag 24.august. Dei heldige er kontakta.
https://www.facebook.com/events/1061824326213990

Webinar for næringskundar fredag 14. august 🎥Voss Sparebank inviterer til frukostwebinar med professor Ragnar Torvik, so...
12/08/2026

Webinar for næringskundar fredag 14. august 🎥

Voss Sparebank inviterer til frukostwebinar med professor Ragnar Torvik, som er ein av dei mest anerkjende ekspertane på makroøkonomi i Noreg. Han vil gje deg eit innblikk i korleis Norges Bank si rentesetjing kan påverke utviklinga frametter, både nasjonalt og lokalt.

Dato: Fredag 14. august 2026
Tid: 08:15-09:00
Stad: Digitalt møte på Teams

Meir info og påmelding på Teams: a9158001-4a56-4bd3-8c84-d3660ad7c252@5d92c9a1-e15e-4f34-955d-a4056cae0d1e" rel="ugc" target="_blank">https://events.teams.microsoft.com/event/a9158001-4a56-4bd3-8c84-d3660ad7c252@5d92c9a1-e15e-4f34-955d-a4056cae0d1e

Magisk sommarkveld på Kvemmadokkje Husmannsplass. Fantastiske konsertopplevingar, vakre omgjevnader, varm vertskap og mu...
12/07/2026

Magisk sommarkveld på Kvemmadokkje Husmannsplass.
Fantastiske konsertopplevingar, vakre omgjevnader, varm vertskap og musikk som rører. Då Odd Nordstoga stod på scena, låg alt til rette for ein kveld det er lett å ta med seg vidare.

Me i Voss Sparebank er glade for å ha så mange eldsjeler og kulturarenaer i lokalsamfunnet vårt. Takk til vertskapet på Kvemmadokkje for den gode ramma rundt ei heilt spesiell oppleving – de skapar møteplassar som betyr mykje for mange.

Det er kjekt å kunna bidra til gode møteplassar for born og unge!Vår rådgjevar Eivind i Norheimsund, hadde gleda av å ov...
09/07/2026

Det er kjekt å kunna bidra til gode møteplassar for born og unge!

Vår rådgjevar Eivind i Norheimsund, hadde gleda av å overrekkja gåvesjekken til Øystese Skulemusikklag på vegner av Voss Sparebank. Med fleire medlemer enn før, er det ekstra kjekt å vita at gåva kan bidra til både trivsel, samhald og musikalsk glede.

Me ynskjer Øystese Skulemusikklag lukke til vidare – og håpar både nye vaffeljern og nye gensarar blir flittig brukte!

Me er glade for å ha fått fem dyktige sommarvikarar med på laget!Hanna, Daniel, Tiril, Maria og Sigrid bidreg til at me ...
03/07/2026

Me er glade for å ha fått fem dyktige sommarvikarar med på laget!

Hanna, Daniel, Tiril, Maria og Sigrid bidreg til at me kan halda oppe den gode servicen gjennom ferieavviklinga. Samtidig får dei verdifull arbeidserfaring og eit innblikk i bankkvardagen.

Me ynskjer dei ein lærerik og kjekk sommar hos Voss Sparebank! ☀️

Dugnadsånd skapar varige verdiar.Me i Voss Sparebank er stolte over å ha støtta rehabiliteringa av sikringshytta på Kald...
01/07/2026

Dugnadsånd skapar varige verdiar.

Me i Voss Sparebank er stolte over å ha støtta rehabiliteringa av sikringshytta på Kaldavasshytta. Takket vere den imponerande innsatsen frå dei frivillige får ei viktig hytte nytt liv – til glede og tryggleik for fjellfolk i mange år framover.

Takk til alle som bidreg med tid, kompetanse og engasjement. Saman tek me vare på både naturen, historia og lokalsamfunnet. Voss Utferdslag

I Voss Sparebank er me stolte av å støtte gode tiltak som skapar verdiar for lokalsamfunnet. Difor har me gitt 100.000kr...
01/07/2026

I Voss Sparebank er me stolte av å støtte gode tiltak som skapar verdiar for lokalsamfunnet. Difor har me gitt 100.000kr til Attbruk sitt prosjekt for gjenbruk og resirkulering av brukte materialar.

Ver på vakt mot svindeltelefonar!Me opplever no mykje telefonsvindel i området. Svindlarane gir seg ofte ut for å vera f...
24/06/2026

Ver på vakt mot svindeltelefonar!

Me opplever no mykje telefonsvindel i området. Svindlarane gir seg ofte ut for å vera frå banken eller politiet og prøver å få deg til å handla raskt. STOPP, TENK, SJEKK

👉 Hugs: Legg på!

Banken vil aldri be deg oppgje passord, kodar eller overføra pengar til ein «sikker konto».

Er du usikker? Legg på og ring banken direkte.

Del gjerne vidare, så fleire kan unngå å bli svindla.
Lær deg sjølvforsvar mot svindel på https://www.svindel.no/

– Me opplever for tida stor pågang med svindel i bygda, seier banksjef Jørund Rong. Svindelen føregår over telefon, og Rong sitt beste tips er enkelt.

Adresse

Vangsgata 18
Vossavangen
5700

Åpningstider

Mandag 10:00 - 15:00
Tirsdag 10:00 - 15:00
Onsdag 10:00 - 15:00
Torsdag 10:00 - 15:00
Fredag 10:00 - 15:00

Telefon

+4756520300

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Voss Sparebank legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Voss Sparebank:

Snarveier

Del

Type