Bringsvær Rekneskapstenester

Bringsvær Rekneskapstenester Me utfører rekneskap for alle typer næringar. Med dagens teknologi kan du befinne deg kvar som helst. Selskapet vart etablert i november 2011.

Kontoret fører alle typer rekneskap, samt kontortenester, lønn og fakturering, rådgjeving, oppstart av enkeltpersonforetak og aksjeselskap, skattefri omdanning, avvikling av enkeltpersonforetak og aksjeselskap, årsoppgjer og eigarskifte i landbruket med meir. Me losar kundane våre trygt i hamn mellom mange og kronglete paragrafer i loven. Kontoret har service fremst i førarsete og alle skal få den

hjelpa dei treng og har behov for. Kundane er geografisk spredt frå Oslo til Bergen. Med dagens teknologi har du som kunde tilgang til vårt system 24/7. Kontoret kjører rekneskapssystemet Duett og 24SevenOffice. Med skybaserte løysingar. Me er ute på kundebesøk om du som kunde skulle ha behov for hjelp og rettleiing. Vanlegvis er det kunden som tek turen innom vårt kontor for ein triveleg prat og rådgjeving på skatt, moms og eigarskifte med meir. Velkomen innom til eit triveleg og uformelt møte!

Hipp hurra og gratulere med den flotte guten 💙Barselgåve er sendt ut til kunde i Vinje 🌿*Håndlaga av Tiril Design på Sen...
11/02/2026

Hipp hurra og gratulere med den flotte guten 💙
Barselgåve er sendt ut til kunde i Vinje 🌿

*Håndlaga av Tiril Design på Senja i Troms

~ Gladmelding ~Silje Bringsvær Karlsen er tilbake i jobb frå og med i dag 08.09.2025. Pr. i dag er me 6 stk. på kontoret...
08/09/2025

~ Gladmelding ~
Silje Bringsvær Karlsen er tilbake i jobb frå og med i dag 08.09.2025.

Pr. i dag er me 6 stk. på kontoret:
Heidi Årlid
Hilde Losvik
Tove Bringsvær
Silje Bringsvær Karlsen
Jan Gunnar Karlsen
Signe Bringsvær

Frå 1. mai risikerar næringsdrivande lovbrotsgebyr om dei nektar å ta imot kontant betaling frå kundar. Å kunne betale m...
02/05/2025

Frå 1. mai risikerar næringsdrivande lovbrotsgebyr om dei nektar å ta imot kontant betaling frå kundar. Å kunne betale med kontantar gjev tryggheit og tilgang for dei som ikkje har eller er komfortable med digitale betalingsløysningar. Det er dessutan ein viktig del av samfunnsberedskapen, sier barne- og familieminister Lene Vågslid.

Fra 1. mai risikerer næringsdrivende overtredelsesgebyr hvis de nekter å ta imot kontant betaling fra kunder.

Kjære alle fine kundar og lesarar av sida vår 🇳🇴I Sør er snoen smelta og påsketurane i år blir for mange gjennomført på ...
17/04/2025

Kjære alle fine kundar og lesarar av sida vår 🇳🇴
I Sør er snoen smelta og påsketurane i år blir for mange gjennomført på ein litt utradisjonell måte, med sykkelturar og fjellsko på føtene 🚴🥾 Nord i landet er det fortsatt kvitt og godt med skiføre ⛷️ Uansett vér og føre, ønskjer me dykk alle ei fin, fredeleg og god påske 🐣🍀💛

H U R R A 🌸Me har tilsett Hilde Losvik i 100% stilling som administrativ koordinator frå 24. mars 2025.Hovudsakleg skal ...
24/03/2025

H U R R A 🌸

Me har tilsett Hilde Losvik i 100% stilling som administrativ koordinator frå 24. mars 2025.
Hovudsakleg skal Hilde jobbe med Taskline, lønn, avstemmingar samt avlaste Signe med administrative oppgåver.
Dette for at Signe skal få tid til å drive med kunderådgjeving og for at kvardagen på kontoret skal bli meir effektiv, og du som kunde skal få raskare svar.

Hilde bur på Senja i Troms og vil hovudsakleg jobbe frå heimekontor/avdelingskontor, men tek seg turar til hovudkontoret i Skålebygdi innimellom.

Hilde har mange års erfaring frå bank, der ho var kunderådgjevar og jobba med rekneskap. Ho arbeidde også med forebygging av svindel på kort og konto, samt kvitvasking.
Dette var medan ho budde i Oslo. I 2019 flytta ho til barndomsheimen på Senja og meiner sjølv at det var det beste valget ho kunne tatt.

På Senja har ho jobba innan turistnæring/hotelldrift – noko ho lærte mykje nytt av. Ho lika godt arbeidsoppgåvene, men då Signe gav ho tilbod om å arbeide for Bringsvær Rekneskapstenester AS i ei nyoppretta stilling, var det så fristande at ho ikkje kunne stå i mot.

På fritida likar Hilde turar i den flotte nord-norske naturen. Ho er også ein ivrig strikkar og hobbyfotograf.

Me ønskjer Hilde varmt velkomen inn i selskapet og ser fram til mange, produktive og fine år i saman ♥️

Sidan 2012 har me på kontoret bruka eit sjølvkomponert kvalitetssikringssystem - som så langt har fungert optimalt for o...
24/03/2025

Sidan 2012 har me på kontoret bruka eit sjølvkomponert kvalitetssikringssystem - som så langt har fungert optimalt for oss.

Ved eit tilsyn i 2024, fekk me beskjed om å fornye oss med tanke på kvitvaskingsrutiner, oppdragsavtaler, oppgåvestyring og pålagte kvalitetskontrollar.

Etter eit djupdykk i programvarer - landa me på Taskline. På norsk kalla oppgåvelinje 😉

Me er godt i gang med prosessen og ser at dette vil bli ein god og interessant arbeidskvardag for oss framover 💪

Me har i denne prosessen fått ny medarbeidar som skal geleide oss trygt inn i det nye systemet.

De vil i løpet av få dagar få stifte bekjentskap med vår nye administrative koordinator i eit eige innlegg her på facebooksida vår 🌸

Få stålkontroll med Taskline. Et komplett system for oppdragsstyring og kvalitetssikring. Få full oversikt over oppdrag og oppgaver i tråd med GRFS.

Ny forskrift til datasenterplaner:
21/02/2025

Ny forskrift til datasenterplaner:

I denne artikkelen får du innsikt i hvordan den nye kart- og planforskriften kan gi myndighetene rett til å avslå søknader om datasentre hvis arealformålet "datasenter" ikke er spesifisert å gjelde for et område i reguleringsplanen.

God jol og godt nytt år til alle våre flotte kundar og leserar av sida vår ✨💜✨Takk for det gamle og velkommen til eit ny...
31/12/2024

God jol og godt nytt år til alle våre flotte kundar og leserar av sida vår ✨💜✨
Takk for det gamle og velkommen til eit nytt ubruka og spennande år 💛 #2025

Adresse

Skålebygdi 315
Vinje
3890

Åpningstider

Mandag 08:00 - 15:30
Tirsdag 08:00 - 15:30
Onsdag 08:00 - 15:30
Torsdag 08:00 - 15:30
Fredag 08:00 - 15:30

Telefon

+4791694783

Nettsted

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Bringsvær Rekneskapstenester legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Bringsvær Rekneskapstenester:

Snarveier

Del