21/09/2026
"Stryn treng fleire gründerar – finn dei!" beordrer sjefen over alle sjefer, i introen til det som har blitt ein fantastisk fin film som syner gründerånden som boblar i gründerbygda Stryn.
Ser du til slutten, får du sjå dei som er nominerte til konkurransen "Verdipitch" på Strynemessa.
Filmen hadde aldri blitt til utan eit fantastisk næringsliv beståande av ja-menneske! Takk til alle som har stilt opp med alt frå lokaler, interiør, mat, til hest, kattar, klede og zipline! Og ikkje minst hatten av for fantastiske Dag Ulvedal som står for så og seie heile produksjonen – og dei to skodespelarane Josefine Hove og Per Kjøllesdal i rollene som sjef og agent. Er dei ikkje fantastiske? Også takk til katten Kokos. Han debuterer på film med denne rolla.
Og sjølvsagt takk til SpareBank 1 SMN som er med på å gjere dette Mogleg. Vi set STOR pris på tilliten og engasjementet for at næringslivet her skal få lov til å skine.
Vi gleder oss til å få vist denne på storskjerm på Strynemessa, og få opp "Jakten på den gode idé" som er ei rebusløype for born på messa, som starter på standen til SpareBank 1 SMN!
Vinnarane vil bli annonsert på messa, fredag 2.oktober kl. 18:00 – så møt gjerne opp!
Del filmen med alle du kjenner!
Stor klem og takker og bukker til :
Nomek , Visnes Hotel Stryn , Loen Skylift , Skogstad Sport , Lodgen Stryn , Innvik As, RICCOVERO , Stryn bibliotek , Stryn kulturhus , Gym Stryn , Olden Farm , Stryn Torg , Stryn Bilverksted, Stryn bruktbutikk, Beathe Søvik Smådal, Merethe Søgnen, Iselin Bø & Co og Anndi Bergset.
Video: Dag Ulvedal