Mogleg

Mogleg Vi liker å halde det enkelt
og engasjere oss på ekte. Først då får ein resultat å prate om. Om det er mogleg? Sjølvsagt. Vi gjer det. Berre ta kontakt!

God morgon! ☀️Kaffien står klar og vi er snart klare for dagens Innom. Vel møtt! 👋📍 Stryn Vidaregåande skule · kl. 08.00...
28/08/2026

God morgon! ☀️

Kaffien står klar og vi er snart klare for dagens Innom. Vel møtt! 👋

📍 Stryn Vidaregåande skule · kl. 08.00–09.30

Til fredag inviterer vi til Innom: På leit etter handlingsrommet — korleis utviklar vi Stryn i møtet mellom vekst, vern ...
25/08/2026

Til fredag inviterer vi til Innom: På leit etter handlingsrommet — korleis utviklar vi Stryn i møtet mellom vekst, vern og forventningar?

Stryn har folk med initiativ, investeringsvilje og tru på framtida. Samtidig møter både næringsliv, grunneigarar og kommune stadig fleire krav, omsyn og forventningar. Kvar ligg eigentleg handlingsrommet?

Jan Flore, kommunalsjef samfunnsutvikling, deler tankar om utviklinga i Stryn, kampen om areala, planlegging som verktøy, og korleis vi kan leggje til rette for vidare vekst og verdiskaping i kommunen.

🗓 Fredag 28. august, kl. 08.00–09.30
📍 Stryn Vidaregåande skule
☕ Lett servering og kaffi
✅ Gratis og ope for alle.

Vi gler oss til å sjå deg! 👋

Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane
Stryn kommune
Stryn Næringsliv

På leit etter handlingsrommet — korleis utviklar vi Stryn i møtet mellom vekst, vern og forventningar?Stryn har folk med...
20/08/2026

På leit etter handlingsrommet — korleis utviklar vi Stryn i møtet mellom vekst, vern og forventningar?

Stryn har folk med initiativ, investeringsvilje og tru på framtida. Samtidig møter både næringsliv, grunneigarar og kommune stadig fleire krav, omsyn og forventningar. Kvar ligg eigentleg handlingsrommet?

Jan Flore, kommunalsjef samfunnsutvikling, deler tankar om utviklinga i Stryn, kampen om areala, planlegging som verktøy, og korleis vi kan leggje til rette for vidare vekst og verdiskaping i kommunen.

🗓 Fredag 28. august, kl. 08.00–09.30
📍 Stryn Vidaregåande skule
☕ Lett servering og kaffi
✅ Gratis og ope for alle.

Vi gler oss til å sjå deg! 👋

Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane
Stryn kommune
Stryn Næringsliv

Gründerbygda Stryn jaktar fleire gode idéar!VerdiPitch er tilbake – ein konkurranse i regi av Mogleg og SpareBank 1 SMN ...
19/08/2026

Gründerbygda Stryn jaktar fleire gode idéar!

VerdiPitch er tilbake – ein konkurranse i regi av Mogleg og SpareBank 1 SMN .

Har du sjølv ein god idé, eller kjenner du nokon andre som har ein? Då bør du sende den inn!

Nytt av året er at du kan sende inn din eigen idé, eller tipse om ein god idé du meiner nokon andre fortener å få utvikla idéen sin vidare.

Til saman blir det delt ut 50 000 kroner i utviklingskapital – 35 000 kr til førsteplass og 15 000 kr til andreplass – med andre ord pengar til å utvikle idéen vidare.

Konkurransen er open for alle frå 16 år.

Frist: 10. september.

Vinnarane kårast under Strynemessa laurdag 3. oktober.

Send inn eller tips på https://www.mogleg.no/verdipitch-nominering

Det er 🌟superstas🌟 å kunne ønskje velkomen til vår nye kollega : Maria Flatland Ese! Maria kjem flygande frå  Oslo (men ...
17/08/2026

Det er 🌟superstas🌟 å kunne ønskje velkomen til vår nye kollega : Maria Flatland Ese! Maria kjem flygande frå Oslo (men er opprinneleg frå Balestrand🕺🏼), utdanna grafisk designer OG sosionom - ein bakgrunn vi tenker er ☀️heeeilt☀️perfekt for å skape treffande kommunikasjon med ein god dose samfunnsengasjement. 🙌 Saman skal vi skape mykje bra framover! 🥳🎉Maria Flatland Ese Stryn kommune Kunnskapsparken Vestland Inviro Klar Bedrift Aksello Vestland fylkeskommune Innovasjon Norge - Vestland Næringshagene i Norge

13/08/2026

9.–10. september inviterer Kunnskapsparken Vestland og Framtidsfylket Vestland til ein inspirerande studietur til Jølstraholmen, kombinert med FOLKA – Rekrutteringskonferansen i Vest🌟

Du får:
✅ Fagleg påfyll frå leiande fagpersonar
✅ Innsikt i rekruttering, kultur og organisasjonsutvikling
✅ Diskusjonar med andre leiarar som møter dei same utfordringane
✅ Nettverksbygging i flotte omgjevnader

Møt mellom andre Hans Petter Stub, ekspert på employer branding, og få nye perspektiv på korleis du kan tiltrekkje, utvikle og behalde dei rette medarbeidarane.

Les meir og meld deg på her: https://www.kpvest.no/nyheiter/studietur-september2026

Framtidsfylket

Kor lang tid brukar du på å finne ei fil du lagra for eit par år sidan?Onsdag 19. august held Christer Lunde Solberg det...
12/08/2026

Kor lang tid brukar du på å finne ei fil du lagra for eit par år sidan?

Onsdag 19. august held Christer Lunde Solberg det første Passe Snevert frå Mogleg. Christer er marknadsførar og fotograf i Mogleg, og deler systemet han brukar for å halde orden på filene sine – og kvifor det har fungert for han.

Passe Snevert er ein ny møteplass frå Mogleg. Her møter du folk som kan mykje om noko heilt spesielt – og som viser korleis den kunnskapen kan vere nyttig utover sitt eige fagfelt.

💻 Digitalt på Teams
🗓 Onsdag 19. august, kl. 09:00–09:45

Meld deg på her:
https://www.mogleg.no/pameldingsskjema

Har du ein idé som kan bli noko stort? 🐈‍⬛VerdiPitch er i gong igjen! Send inn di eigen idé – eller nominér ein god idé ...
09/08/2026

Har du ein idé som kan bli noko stort? 🐈‍⬛

VerdiPitch er i gong igjen!
Send inn di eigen idé – eller nominér ein god idé du kjenner til!

Gründerbygda Stryn treng nytt blod.
Du veit kven.

Les meir og send inn:
https://www.mogleg.no/verdipitch-2026

👉 Frist: 10. september.

Fyrstepremie: kr 35.000, andrepremie: kr 15.000

Vinnarane kårast på Strynemessa 3. oktober.



SpareBank 1 SMN

Kor lang tid brukar du på å finne ei fil du lagra for eit par år sidan?Onsdag 19. august held Christer Solberg det først...
05/08/2026

Kor lang tid brukar du på å finne ei fil du lagra for eit par år sidan?

Onsdag 19. august held Christer Solberg det første Passe Snevert frå Mogleg. Christer jobbar til dagleg som marknadsførar og fotograf i Mogleg, og har bygd opp eit arkiv på godt over 100 000 bilete han må kunne manøvrere i med enkelheit. Han deler korleis han har gjort det – og kvifor det har fungert for han.

Passe Snevert er ein ny møteplass frå Mogleg. Her møter du folk som kan mykje om noko heilt spesielt – og som viser korleis den kunnskapen kan vere nyttig utover sitt eige fagfelt.

💻 Digitalt på Teams
🗓 Onsdag 19. august, kl. 09:00–09:45

Meld deg på her:
https://www.mogleg.no/pameldingsskjema

Takk til Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane som er med på å gjere det mogleg!

Før vi tek fatt på sommarferien – vil vi takke for eit innhaldsrikt halvår saman med dykk!Dette halvåret har vi jobba my...
03/07/2026

Før vi tek fatt på sommarferien – vil vi takke for eit innhaldsrikt halvår saman med dykk!

Dette halvåret har vi jobba mykje med gründerrådgjeving, koplingar og nye samarbeid for bedrifter i regionen 💪

I sommar har vi hatt besøk av to NTNU-studentar som har bidrege til Opplev! Stryn-prosjektet, og vi takkar Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane for støtten til å gjere dette mogleg. I august ønskjer vi velkomen til vår nye kollega Maria!

Til hausten kjem to nye digitale konsept, også mogleggjort av Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane :

📌 Mogleg Best Praksis – lær av andre bedrifter
📌 Passe Snevert – korte webinar om nyttige (men snevre) tema

Første webinar blir mappestruktur med Moglegs Christer Lunde Solberg (45 min).
Meld deg på her: https://www.mogleg.no/pameldingsskjema

Tusen takk til alle dykk som følgjer, nyttar og framsnakkar oss!

God sommar 🌞



Kunnskapsparken Vestland
Inviro
Aksello
Innovasjon Norge - Vestland
Sogn Næring

SpareBank 1 SMN
SpareBank 1 Sogn og Fjordane
Sparebanken Norge

Vestland fylkeskommune
Stryn kommune

Adresse

Tinggata 3
Stryn
6783

Åpningstider

Mandag 08:00 - 16:00
Tirsdag 08:00 - 16:00
Onsdag 08:00 - 16:00
Torsdag 08:00 - 16:00
Fredag 08:00 - 16:00

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Mogleg legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Mogleg:

Snarveier

Del