Sognehus As

Sognehus As Sognehus AS er forhandlar av Lindehus hus og hytter i heile Sogn.

På Rødstokken i Sogndal er me igong med grunn- og betongarbeidet på ein ny einebustad. I eit roleg og barnevenleg strøk ...
27/03/2026

På Rødstokken i Sogndal er me igong med grunn- og betongarbeidet på ein ny einebustad.

I eit roleg og barnevenleg strøk med stor leikeplass og nærheit til barnehage, skule, butikkar og turmoglegheitar, har du alt du treng for å trivast.

Kjem du tidleg inn i prosessen, kan du sjølv vera med å setta ditt preg på bustaden.
Moglegheit for utviding av bruksareal under garasje dersom det er behov for meir areal.

Les meir om bustaden her:

Velkommen til Rødstokken - Ny einebustad med god planløysing og tidsrette kvalitetar. Huset heilt til høgre i biletet er til salgs no

25/03/2026

Me er skikkeleg stolte og beæra over å få vera med på laget til Järnheimr, og få tilliten for andre året på rad til å levera over 60 veggelement inkl. montering til standen deira på Camp Villmark, ei av Nordens største villmarksmesser i Nova spektrum, Lillestrøm.

Järnheimr fekk etter messa var over på søndag tildelt den gjævaste prisen "Årets Stand 2026".

Me gratulerar so mykje med vèl fortjent pris, og takkar for tilliten🦌👏

15/03/2026

Går du med tankar om å pussa opp, bygga på eller bygga nytt? 🏡🏗️

Når våren🌷🌸 kjem, har den ofte med seg motivasjon og tankar om oppussing eller nytt hus.

Då fleire av våre pågåande prosjekt ligg langt føre framdriftsplan (litt sjølvskryt til dei fantastiske snekkarane våre), har me god kapasitet til å ta på oss nye oppdrag etter påske.🪜🔨🪚

Me kjem gjerne på gratis befaring, gir deg eit trygt og forpliktande tilbod, drøftar idèar og kjem med forslag til løysing.
Om du ynskjer å teikna noko heilt nytt, har me eigne arkitektar som sit klare til å bidra, både med smått og stort.

Ynskjer du å friska opp uteområdet eller tunet, har me gode prisar på både belegningstein, diverse murar, kunstgras eller ferdigplen, og me har eit godt samarbeid med asfaltleverandør.

Ta kontakt om du har eit prosjekt du vurdera eller har lyst å realisera, så kjem me meir enn gjerne og ser på det ilag med det🤗

DEL GJERNE👏🙏🏻

Sognehus AS er forhandlar av Lindehus hus og hytter i heile Sogn.

06/02/2026

Vinteren så langt har gitt gode forhold for husbygging, og med dyktige tømrarar og solid framdrift held vi arbeidet trygt i gang på fleire prosjekt!

God helg!

30/01/2026

Med storslått vestlandsnatur rundt oss, snøkledde fjell og klar vinterluft, jobbar vi vidare med å skape Lindehus – trygge og moderne heimar, forma i samspel med både kunde og natur!

Juleroen har innteke heile gjengen i Sognehus, og me tek ferie til 2. veka i januar.Me ynskjer å takka alle gode kundar ...
24/12/2025

Juleroen har innteke heile gjengen i Sognehus, og me tek ferie til 2. veka i januar.

Me ynskjer å takka alle gode kundar for tilliten og alle underleverandørar for godt samarbeid.

Måtte 2026 bli eit år med høgare aktivitet, betre rentevilkår og lågare materialprisar🤞🏻

God Jul og godt nytt år🎆

Adresse

Skogavegen 108
Sogndalsfjøra
6854

Åpningstider

Mandag 08:00 - 16:00
Tirsdag 08:00 - 16:00
Onsdag 08:00 - 16:00
Torsdag 08:00 - 16:00
Fredag 08:00 - 16:00

Telefon

91790817

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Sognehus As legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Sognehus As:

Snarveier

Del