EiendomsMegler 1 Sogn og Fjordane

EiendomsMegler 1 Sogn og Fjordane Vi sel bustadar høgt og lågt i gamlefylket Sogn og Fjordane.

Avdelingane våre strekk seg frå Vågsøy til Bergen, og svingar seg gjennom Nordfjord, Sunnfjord og Sogn. Å velje ein lokalkjend meklar er eit trygt val.

Vil du leie eit av dei største eigedomsmeklarmiljøa på Vestlandet? 🌟 Vi søker dagleg leiar! Vi ser etter ein tydeleg og ...
21/08/2026

Vil du leie eit av dei største eigedomsmeklarmiljøa på Vestlandet? 🌟 Vi søker dagleg leiar!

Vi ser etter ein tydeleg og samlande leiar som kan bygge kultur, skape resultat og vidareutvikle selskapet i ei tid med vekst og nye moglegheiter.

Søknadsfrist: 16. september. Håper å høyre frå deg!

Les meir om stillinga her ✍🏼 https://www.finn.no/job/ad/473753244

Er du vår neste eigedomsmeklar? 👋🏼  No ser vi etter ein autorisert eigedomsmeklar som vil vere med å vidareutvikle markn...
17/08/2026

Er du vår neste eigedomsmeklar? 👋🏼 No ser vi etter ein autorisert eigedomsmeklar som vil vere med å vidareutvikle marknadsposisjonen vår i Florø og Kinn. Her får du jobbe tett på kundane i eit etablert lokalmiljø, samtidig som du får tilgang til eit fagmiljø med høg kompetanse og lang erfaring.

Søknadsfrist: 31. august.

Les meir om stillinga her ✍🏼 https://www.finn.no/job/ad/472891905

Korleis gjer du bustaden klar for foto og vising? 🏡Presentasjonen av bustaden er viktig for å skape størst mogleg intere...
12/08/2026

Korleis gjer du bustaden klar for foto og vising? 🏡

Presentasjonen av bustaden er viktig for å skape størst mogleg interesse hos potensielle kjøparar. Nokre enkle førebuingar kan gjere mykje for korleis bustaden blir opplevd, både på bilete og når folk kjem på visning. Her er nokre gode tips!

🧹 Rydd og skap ro
Fjern småting frå benkar, bord og opne hyller. Rydd meir enn du trur.

🛋️ Skap rom og luft
Vurder om nokre møblar eller større gjenstandar kan fjernast. Det kan få rommet til å verke større og gjere det lettare for kjøparane å sjå eigne mogelegheiter.

🌿 Hald pynten enkel
Nokre grøne plantar, friske blomar og fine tekstilar kan skape ei lun og innbydande kjensle.

☀️ Slepp lyset inn
Trekk frå gardinene, rydd vindaugskarmane og sørg for reine vindauge. Godt lys gjer mykje både på bilete og visning.

🛏️ Gjer det innbydande
Rei opp sengene, heng fram reine handkle og rydd bort personlege eigendelar. Målet er at potensielle kjøparar enkelt skal kunne sjå føre seg bustaden som sin eigen.

🌱 Hugs førsteinntrykket
Rydd inngangspartiet, kost trappa og gjer det fint rundt inngangsdøra. Det er her visninga startar.

Små grep kan gjere ein stor forskjell når bustaden skal presenterast for nye eigarar ✨ Lykke til!

Vi har ein ny eigedomsmeklar på laget vårt i Florø 👋🏼 Hels på Fredrik Døsen, vår nye eigedomsmeklarfullmektig!Fredrik er...
10/08/2026

Vi har ein ny eigedomsmeklar på laget vårt i Florø 👋🏼 Hels på Fredrik Døsen, vår nye eigedomsmeklarfullmektig!

Fredrik er fødd og oppvaksen i Florø, har studert eigedomsmekling i Sogndal og kjenner både lokalmiljøet og bustadmarknaden godt. Etter trainee-opphald og internship er han no klar til å hjelpe kundar gjennom viktige steg i bustadreisa.

💬 - Det viktigaste for meg er at kundane sit att med ei god kjensle etter bustadsalet.

Vi ønsker Fredrik velkommen til oss!

Les meir om Fredrik her ✍🏼 https://www.sparebank1.no/nn/sogn-fjordane/om-oss/nyheter/nye-tilskotet-paa-eigedomsmekling.html

Landleg eigedom med sjøutsikt? 🌊 Drøymer du om god plass, flott utsikt og nærleik til sjøen? Her er tre innhaldsrike eig...
07/08/2026

Landleg eigedom med sjøutsikt? 🌊

Drøymer du om god plass, flott utsikt og nærleik til sjøen? Her er tre innhaldsrike eigedomar som byr på litt utanom det vanlege.

📍 Bortnheimsvegen 49, Dale
Einebustad med flott utsyn over fjorden, stor altan og eigen garasje. Eigedomen har også ein eigen teig ved sjøen like i nærleiken. Velkommen på vising 19. august.

📍 Herlandsvegen 361, Atløy
Landbrukseigedom på ca. 277 mål med bustadhus, driftsbygning og garasje. Sørvendt og landleg plassering med god plass rundt deg. Velkommen på vising 19. august.

📍 Frøysjøvegen 1663, Svelgen
Stor og innhaldsrik eigedom like ved sjøen, med naust med innreidd loft, dobbeltgarasje og ein stor, parkmessig hage. Velkommen på vising 29. august.

Meir informasjon og alle eigedomar vi sel kan du sjå på vår nettstad ✍🏼 https://www.eiendomsmegler1.no/sogn-fjordane

Bygge draumebustaden? 🏡 Vi har fleire flotte tomter til sals. Frå fjordutsikt til barnevenlege bustadområde, spreidd run...
04/08/2026

Bygge draumebustaden? 🏡 Vi har fleire flotte tomter til sals. Frå fjordutsikt til barnevenlege bustadområde, spreidd rundt om i gamle Sogn og Fjordane.

📍 Florø
Brandsøyvegen – Stor tomt på over eitt mål med flott utsikt over fjorden.

📍 Sandane
Elvaneset 22 og 24 – To byggjeklare tomter med 270° panoramautsikt over fjord og fjell.

📍 Førde
• Vettreiene 1 – Fem store tomter utan byggjeklausul i naturskjønne omgjevnader.
• Hornnesvegen – Solrik og barnevenleg tomt, berre 3 km frå sentrum.
• Hornnesbøen – Flott tomt med kort veg til sentrum, skule og barnehage.

📍 Kalvåg
Gamlevegen 50 – Stor tomt med flott utsikt mot fjorden, Kalvøya og Frøysjøen.

Sjå alle bustader og tomer vi sel på vår nettstad ✍🏼 https://www.eiendomsmegler1.no/sogn-fjordane

Det er sommar, men vi sel bustadar høgt og lågt uansett 🤩 På jakt etter din neste heim? Her er bustadane som snart har v...
30/07/2026

Det er sommar, men vi sel bustadar høgt og lågt uansett 🤩 På jakt etter din neste heim? Her er bustadane som snart har vising:

🏡 Elvegata 13B i Høyanger. Sentrumsnær einebustad over tre plan, stor terrasse og fine uteplassar. Vising 4. august.

🏡 Strandgata 58 i Florø. Moderne leilegheit frå 2021 midt i Florø, med både heis og felles takterrasse. Vising 5. august.

🏡 Fagerlia 15A i Florø. Nyare enderekkehus frå 2018, med stor terrasse og flott utsikt. Vising 10. august.

🏡 Evjegata 8 i Florø. Einebustad sentralt i Florø med tomt på over 800 m². Vising 11, august.

🏡 Sørstrandsvegen 13 på Sandane. Sentral 3-roms leilegheit på Sandane. Vising 13. august.

Meir informasjon? Alle våre bustadar til sals finn du her ✍🏼 https://www.eiendomsmegler1.no/sogn-fjordane

Kva for bustad ville du kjøpt i dag, om du kunne velje fritt? ☀️Kanskje noko sånt som Brulandsstranda 45 i Utvik? Ein sj...
29/07/2026

Kva for bustad ville du kjøpt i dag, om du kunne velje fritt? ☀️

Kanskje noko sånt som Brulandsstranda 45 i Utvik? Ein sjarmerande einebustad med stor, overbygd terrasse og flott utsikt over fjorden. Nettopp seld, men den seier litt om kva sommardraumen kan sjå ut som.

På vår nettstad kan du sjå alle bustadar som er til sals no ✍🏼 https://www.eiendomsmegler1.no/sogn-fjordane

Visste du at vi har 5 ulike kontorstader? Vi sel bustader høgt og lågt over heile Vestland, og du finn oss i Sunnfjord, ...
23/07/2026

Visste du at vi har 5 ulike kontorstader? Vi sel bustader høgt og lågt over heile Vestland, og du finn oss i Sunnfjord, Kinn, Nordfjord, Sogn og Bergen sentrum. Godt representert med andre ord. Og det er ikkje dumt, for å velje ein meklar med lokalkunnskap er eit trygt val 💙

Å selje bustad er ei av dei største transaksjonane vi gjer. Då er det godt å ha ein meklar som kjenner prosessen og tek ...
21/07/2026

Å selje bustad er ei av dei største transaksjonane vi gjer. Då er det godt å ha ein meklar som kjenner prosessen og tek vare på interessene dine. Vi er med deg frå start til slutt, og sørgjer for at du kjenner deg trygg heile vegen 💙

Her har vi samla 5 gode tips til deg som skal selje bustad over sommaren.

Adresse

Førde
6800

Åpningstider

Mandag 09:00 - 15:30
Tirsdag 09:00 - 15:30
Onsdag 09:00 - 15:30
Torsdag 09:00 - 15:30
Fredag 09:00 - 15:30

Telefon

+4757829700

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når EiendomsMegler 1 Sogn og Fjordane legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til EiendomsMegler 1 Sogn og Fjordane:

Snarveier

Del