Sogn Sparebank

Sogn Sparebank Du kan møta din lokale rådgjevar på kontora i Aurland, Lærdal, Øvre Årdal, Årdalstangen, Vik,

Nokon ryddar i matboden etter sommaren, andre ryddar i økonomien. 🪣🫧Samlar du dyre smålån og kredittar i eitt lån hos os...
27/08/2026

Nokon ryddar i matboden etter sommaren, andre ryddar i økonomien. 🪣🫧

Samlar du dyre smålån og kredittar i eitt lån hos oss, får du:
✅ betre oversikt
✅ færre rekningar
✅ lågare kostnader

Kort sagt – litt mindre styr og litt meir å rutte med. Prøv kalkulatoren og sjekk kor mykje du kan spare.💰
http://sognbank.no/lan/forbrukslan/refinansiering-uten-sikkerhet/kalkulator

Priseksempel refinansiering: Nom. rente 12,9 %. Eff. rente 14,7 %. Lånebeløp 150 000 kr over 5 år. Kostnad 58 602 kr. Totalt 208 602 kr. Lånet blir levert av Kredittbanken ASA.

26/08/2026

Har du hugsa å forsikra jakt- og fiskeutstyret ditt? 🎣🦌

Mange sogningar hentar stor glede frå dei fantastiske naturressursane me har rundt oss. Er du ein av dei, er det lurt å passe på at utstyret du tek med på tur er godt forsikra.

Ta gjerne kontakt med oss for å høyre meir om medlemsfordelane me har med Norges Jeger- og Fiskerforbund.

Seinsommaren og hausten i Sogn byr på både naturglede og lokalsamfunn som er rike på opplevingar – utan at det kostar my...
25/08/2026

Seinsommaren og hausten i Sogn byr på både naturglede og lokalsamfunn som er rike på opplevingar – utan at det kostar mykje.

Her er nokon av våre anbefalingar:

🍎 Plukk epler og grønsaker hjå lokale gardsbruk som tilbyr sjølvplukk. Kjekt for både små og store!
🥾 Gå turar i nærområdet og nyt den friske hausten og dei vakre fargane. Kva med Aurlandsdalen eller Vettisfossen?
🎣 Prøv fiskelykka i Sognefjorden eller til fjells.
🍯 Ta turen til lokale bondemarknader og småprodusentar, kjøp ferske eple, grønnsaker, ost eller honning fra nærområdet.
🏡 Opplev kultur og historie i bygdene – som gamle stølshus eller små lokale galleri.

Dette er augeblinkar som gir store minner, samtidig som me støttar lokalbefolkninga og flinke bønder som held liv i bygdene våre. Korleis vil du nyte hausten i Sogn i år?

Dette er Britt! 👋🏼Denne flotte dama jobbar med bedriftsrådgjeving, og er skikkelig god på det ho driv med. Sjølv om ho h...
22/08/2026

Dette er Britt! 👋🏼

Denne flotte dama jobbar med bedriftsrådgjeving, og er skikkelig god på det ho driv med.

Sjølv om ho held til i Aurland, vert det mykje farting rundt i Sogn til dei ulike bedriftskundene våre. Våre dyktige rådgjevarar ynskjer å vere din sparringspartner og finne gode løysingar til behova dine, og det er me sikre på at Britt gjer.

Dersom du treng hjelp frå Britt, avtal eit møte - enten digitalt eller der du held til.

Ble ferien dyrare enn planlagt?Det skjer med mange. Når rekningane begynner å komme etter ferien, kan det vere godt å ry...
21/08/2026

Ble ferien dyrare enn planlagt?
Det skjer med mange. Når rekningane begynner å komme etter ferien, kan det vere godt å rydde litt opp. 🔐

Har du dyre smålån eller kredittar fleire stader, kan refinansiering gi deg:
✅ færre rekningar å halde styr på
✅ lågare kostnader
✅ litt meir å rutte med kvar månad

Sjekk kor mykje du kan spare – prøv kalkulatoren 💰
http://sognbank.no/lan/forbrukslan/refinansiering-uten-sikkerhet/kalkulator

Priseksempel refinansiering: Nom. rente 12,9 %. Eff. rente 14,7 %. Lånebeløp 150 000 kr over 5 år. Kostnad 58 602 kr. Totalt 208 602 kr. Lånet blir levert av Kredittbanken ASA.

20/08/2026

Korleis er det å vere bonde i Vik? Kva motiverar på dei lange arbeidsdagane? Kva ringverknadar har eit levande landbruk for Sogn?

Me har teke ein prat med Turid Haga Vange som driv økologisk mjølke- og kjøtproduksjon på i Vik saman med familien sin.

Kvardagen er tilbake for mange, og kva er vel betre enn å starte hausten med litt orden i økonomien? Etter ein aktiv som...
18/08/2026

Kvardagen er tilbake for mange, og kva er vel betre enn å starte hausten med litt orden i økonomien? Etter ein aktiv sommar kan det vere godt å få oversikt igjen og leggje eit godt grunnlag for månadene fram mot jul.

Start gjerne med desse fire enkle punkta:
👩🏽‍💻 Gå gjennom abonnementa dine – er det nokon du ikkje lenger brukar?

💳 Sjekk forbruket frå sommaren – kva kan du ta med deg vidare, og kva kan du kutte ned på?

💰 Set opp ei fast sparing – små beløp kvar månad kan utgjere ein stor forskjell.

📅 Lag ein plan for hausten – enten målet er å bygge buffer, spare til jul eller få betre oversikt over økonomien.

Små grep no kan gi ein litt enklare kvardag gjennom heile hausten.

🍎 Seinsommaren i Sogn er noko heilt eige.Frukttrea bugnar, grønsakene er klare for hausting, og gardane er fulle av akti...
16/08/2026

🍎 Seinsommaren i Sogn er noko heilt eige.

Frukttrea bugnar, grønsakene er klare for hausting, og gardane er fulle av aktivitet. Rundt om i bygdene våre blir det produsert råvarer av høg kvalitet - frå saftige eple og bær til grønsaker, kjøt, ost og andre lokale spesialitetar.

Bak kvar einaste råvare ligg det kunnskap, lange arbeidsdagar og eit ekte engasjement. Dei dyktige bøndene og produsentane våre er med på å skape både arbeidsplassar, matglede og levande bygder. Dei gjer Sogn til den unike regionen han er.

Som lokalbank er me stolte av å vere ein del av dette fellesskapet. Me heiar på dei som skaper verdiar kvar dag, og på alt det gode som blir dyrka, foredla og produsert her i Sogn. 🍎🐄🍷🍒

Ta deg gjerne ein tur innom ein gardutsal, ein lokal produsent eller marknad dei neste vekene. Ved å velje lokal mat støttar du menneska som held kulturlandskapet i hevd og bidreg til levande bygder, no og i framtida.

🔐 Ei viktig påminning før helga.Svindlarane blir stadig flinkare, og no ser vi fleire forsøk retta mot bedrifter. Dei ka...
14/08/2026

🔐 Ei viktig påminning før helga.

Svindlarane blir stadig flinkare, og no ser vi fleire forsøk retta mot bedrifter. Dei kan utgi seg for å vere frå banken, politiet eller andre offentlege instansar, og prøver å få tilgang til kontoar eller lure til seg pengar.

Det er lett å tenkje at dette ikkje skjer oss, men svindlarane er profesjonelle og brukar ofte informasjon som er offentleg tilgjengeleg for å framstå truverdige.

Difor kjem ei enkel oppmoding frå oss: Ver litt ekstra merksam dersom du får uventa førespurnader om innlogging, betalingar eller endringar i kontoinformasjon. Stoppar du opp og dobbeltsjekkar, kan du spare både deg sjølv og bedrifta for mykje trøbbel.

Ta gjerne ein prat om svindel rundt kaffibordet eller før du loggar av for helga. Det kan vere ein av dei viktigaste samtalane denne veka.

Les meir om kva du bør vere merksam på på nettsidene våre.👇

Kriminelle rettar stadig meir målretta svindelforsøk mot personar med tilgang til bedrifta sine kontoar. Sjå kva du bør vere merksam på.

13/08/2026

Forsikring handlar ikkje berre om pengar – det handlar om tryggleik, ro i magen og å vite at ein klarar seg, også i dei tøffare periodane.

Dersom du ynskjer ein gjennomgang av personforsikringar, ta kontakt med Eileen eller rådgjevaren din.

Adresse

Statsråd Evensens Veg 8
Årdalstangen
6885

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Sogn Sparebank legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Sogn Sparebank:

Snarveier

Del