Luster Sparebank

Luster Sparebank Luster Sparebank - aktiv og tilgjengeleg
På denne sida ynskjer me ein aktiv dialog med deg.

Eit finansieringsbevis er ei stadfesting frå oss i banken på kor mykje du kan låne til å kjøpe bustad 🗝️Med finansiering...
27/08/2026

Eit finansieringsbevis er ei stadfesting frå oss i banken på kor mykje du kan låne til å kjøpe bustad 🗝️

Med finansieringsbevis på plass veit du kva prisramme du skal halde deg innanfor når du ser etter hus, hytte eller leilegheit.

Så kan du gå på visning og leggje inn bod med full kontroll på finansieringa 🏡

Du kan søkje om eit uforpliktande finansieringsbevis på våre nettsider, eller kontakte ein av våre flinke rådgjevarar for å ein prat om bustadfinansering ☀️

Vår dyktige kollega Helene Halveg er no ferdig autorisert kredittrådgjevar 🎉 Gratulerer så mykje! Me er stolte av å ha k...
20/08/2026

Vår dyktige kollega Helene Halveg er no ferdig autorisert kredittrådgjevar 🎉 Gratulerer så mykje! Me er stolte av å ha kompetansen din med oss i Luster Sparebank 👏

Gratulerer! Dette har blitt eit viktig løft for Turtagrø👏Etter fem år med imponerande innsats står Turtagrø Servicebygg ...
18/08/2026

Gratulerer! Dette har blitt eit viktig løft for Turtagrø👏

Etter fem år med imponerande innsats står Turtagrø Servicebygg endeleg klart, som ein viktig base for beredskap og friluftsliv. Det er kjekt å sjå kor mykje bygget allereie betyr for både lokale og tilreisande ⛰️⛷️

Luster Sparebank er stolte over å ha fått bidra til realiseringa av prosjektet. Gratulerer til IL Fanaråk og Luster Røde Kors med eit flott resultat! 🙌

Me ser etter ein ny kollega på bedriftsmarknaden 🙋🏼Som bedriftsrådgjevar i Luster Sparebank får du din eigen kundeportef...
14/08/2026

Me ser etter ein ny kollega på bedriftsmarknaden 🙋🏼

Som bedriftsrådgjevar i Luster Sparebank får du din eigen kundeportefølje, tett kontakt med næringslivet i Sogn og moglegheita til å vere ein viktig sparringspartnar for bedriftene våre 👩🏼‍💼👨🏽‍💼

Du blir ein del av ein solid, lokal bank med korte avstandar, høg fagkompetanse og store ambisjonar 🌿

Kanskje er det akkurat deg me ser etter? ✍🏻

Sjå fullstendig stillingsutlysning på finn.no: https://www.finn.no/job/ad/471264810

13/08/2026

Til helga er det endeleg klart for eit gjensyn med Lustrafjorden INN 🏃🏻‍♀️🏃🏻⛰️

Arrangørane skildrar det som eit av landets vakraste, men òg tøffaste løp. Ultraløpet har med sine drøye 100 km frå Kaupanger til Skjolden heile 6 000 høgdemeter i vente for deltakarane 😮‍💨 Som eit alternativ tek Molden Skyrace deg 21 km frå Solvorn over Molden til Gaupne. To imponerande distansar i særs flott natur 🫶🏻

Me ønskjer deltakarar og arrangør lukke til med Lustrafjorden Inn! 💪🏻
Kjenner du at løpetrongen melder seg? Me deler ut ein deltakarplass til den første som melder inn ønskt distanse til [email protected] i dag 🏃🏻‍♀️

Nytt semester, nye moglegheiter 🌿Studentane er attende i bygda og det merkast på både aktivitet og energi rundt om i Sog...
11/08/2026

Nytt semester, nye moglegheiter 🌿

Studentane er attende i bygda og det merkast på både aktivitet og energi rundt om i Sogndal 🫶🏻

Me er så heldige å få jobbe med den trivelege gjengen i Studentspretten, som bidreg til inkluderande aktivitetar gjennom heile året. Tysdag var me så heldige å få ein prat med det nye styret, som allereie kan røpe at dei har mykje spennnade planar framover 🏸🥏🥅

Takk for den gode jobben de gjer for studentmiljøet i Sogn og for at me får vere med på laget! 🫶🏻

Velkomen til grillfest i Sogndal sentrum i morgon ☀️Her blir det mat, aktivitetar og høve til å møte både nye og kjende ...
11/08/2026

Velkomen til grillfest i Sogndal sentrum i morgon ☀️

Her blir det mat, aktivitetar og høve til å møte både nye og kjende fjes, og til å kome med innspel til korleis Sogndal sentrum kan utviklast vidare 💙

Ta turen innom mellom 14:30 og 17:00 om du har høve! 🌿

Velkommen til grillfest i sentrum onsdag 12. august 14:30-17:00. Takka vere støtte frå Luster Sparebank kan me invitere til ein ettermiddag med mat, aktivitetar og hyggeleg lag.

Arrangementet er ei anledning til å ønskje nye studentar velkomne til bygda, og samstundes seie velkomen attende til alle innbyggjarane som er tilbake etter sommarferien. Det blir stands frå lokale aktørar, aktivitetar og god anledning til å treffe både kjende og nye fjes.

Under arrangementet vil HVL sin Living Lab, Sogn Næring og Sogndal kommune òg vere til stades for å høyre kva de tenkjer om utviklinga av sentrum. I samband med arbeidet for eit meir trafikksikkert og attraktivt sentrum skal Ølneshuset rivast. Dette er ein del av den framtidige utviklinga av Fjørevegen som miljøgate for gåande og syklande. Når bygget forsvinn, opnar det seg òg nye moglegheiter for eit større byrom i hjartet av Sogndal.
Målet med arrangementet er først og fremst å skape ein møteplass der folk kan møtast på tvers av alder, bakgrunn og tilknyting til bygda. Samstundes håpar me å få innspel som kan bidra til å forme eit meir levande, inkluderande og inviterande sentrum.

For å skape gode løysingar treng me å høyre frå dei som brukar sentrum kvar dag. Difor håpar vi mange tek turen innom for ein matbit, ein prat og kanskje nokre innspel til framtidas Sogndal. Me sjåast!

Deler du bankkortet ditt med andre? 💳Det kan i visse situasjonar vere freistande å låne vekk bankkortet til familie elle...
03/08/2026

Deler du bankkortet ditt med andre? 💳

Det kan i visse situasjonar vere freistande å låne vekk bankkortet til familie eller andre du stolar på, men hugs at bankkortet ditt er personleg og kun skal nyttast av deg.

Treng nokon du stolar på tilgong til kontoen din? Då er det tryggare å opprette personen som disponent. Då får vedkomande tilgong på ein trygg og oversiktleg måte, utan at du treng å dele kortet ditt 💡

Sjå luster-sparebank.no eller ring oss i dag om du har spørsmål om sikker kortbruk 📞

29/07/2026

Ein hekk blir ikkje tett over natta 🌱

Den veks litt etter litt, med tid, stell og gode val undervegs.
Slik er det også med sparing. Det viktigaste er ikkje når du startar, men at du startar.

Kanskje no er tida for å kome i gong? Me hjelper deg gjerne med å finne ein spareplan som passar for deg og dine mål 💡

Ring oss i dag for ein uforpliktande prat om dine sparemål eller besøk heimesida vår for å starte sparinga i dag 📞

16/07/2026

Lat strandturen bli ein tur med meining 🌊

Me heiar på gode initiativ som skapar engasjement for miljøet og nærområdet vårt. No er dei nye ryddeboksane til Sogn friluftsråd på plass langs Sognefjorden, eit enkelt og kjekt tiltak som gjer det lettare for alle å bidra til reinare strender.

Ta med familie og vener på tur og gjer ein liten innsats som betyr mykje for miljøet langs fjorden 💙

Lukke til med ryddeboksane, Sogn Friluftsråd!

Les meir om tiltaket her 👇

Med 12 nye ryddeboksar ønskjer Sogn Friluftsråd å engasjere fleire i dugnaden mot marin forsøpling. - Ein ryddeboks er eit lågterskel tilbod for dei som

Adresse

Øyagata 2
Marifjora
6868

Åpningstider

Mandag 10:00 - 15:00
Tirsdag 10:00 - 15:00
Onsdag 10:00 - 15:00
Torsdag 10:00 - 15:00
Fredag 10:00 - 15:00

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Luster Sparebank legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Luster Sparebank:

Snarveier

Del