29/05/2026
Minnar om stordugnad søndag 7. juni kl. 10.00 i og ved Rubbhallen.
Det er mange oppgåver som må gjerast for å få anlegget vårt i den stand me ønskjer, og alle bidrag - store som små - betyr mykje. Me skal mellom anna male, høgtrykksspyle, rydde, vaske, luke og gjere små reparasjonar.
Idrettslaget stiller med grilling av pølser og hamburger levert av vår gode samarbeidspartnar KIWI, i tillegg til drikke.
Om du kan vere med, send gjerne ei melding til 91189874 eller e‑post til [email protected]
Har du høve til å ta med utstyr som høgtrykksspylar, kostar, reiskap til luking eller liknande, set me stor pris på det.
Tusen takk for innsatsen - saman held me Rubbhallen og området rundt i god stand.